Under bilcrossløpet på Gol denne helga deltok to mann frå Fitjar, Håvard Dalen og Jonas Koløen Lønning.

Ingen av dei to nådde heilt opp denne gongen, men seier seg godt fornøgde med eigne prestasjonar.

Jonas Koløen Lønning rapporterer på telefon frå Geilo søndag kveld om ei flott helg på Gol. Verken han eller Håvard Dalen nådde opp i den sylskarpe konkurransen. Heile 130 bilar stilte på startstreken i bilcross senior, og då er ein plass midt på treet ein god prestasjon.

– Nivået var høgt – med mange dyre bilar, som sikkert kostar opp mot 40 000 kronar, seier Jonas til Fitjarposten.

På denne bakgrunnen nøler ikkje Jonas med å kalla helga ein kjempesuksess. Han melder og om god trivsel og god støtte både av mekanikarar og andre supporterar frå Fitjar under løpet på Gol. Mest hjelp i depotet fekk dei denne gongen av Oliver André Matre, Gisle og Gaute Aarbø og Kjetil Lønning, fortel Jonas.

Både Håvard Dalen og Jonas Lønning fekk bilane med seg heim, ingen av dei blei kjøpte opp etter løpet. I tillegg har dei med seg heim ei VW-boble som Arne Thoresen kjøpte. – Ein vinnarbil, seier Jonas.

Ford Sierra-en til Håvard Dalen og Volvo-en til Jonas fungerte bra under dagens løp på Gol. Derfor ser dei med optimisme fram mot neste bilcrossløp, i Vikedal i slutten av august. Då reknar dei med å ha resten av Fitjar Racing Team med seg på startstreken.

Ingressbiletet: Gisle og Gaute Aarbø, Jonas K. Lønning, Oliver André Matre og Håvard Dalen i depotet på Gol. Foto: Privat.