Søndag kveld kom ein fornøgd gjeng heim med bussen til Fitjar Racing Team frå Juniorlandsfinalen i bilcross i Valdres.

Sjølv om Gisle F. Aarbø ikkje nådde finalen i bilcross i helga, var det ingen i racingteamet som hang med nebbet. I dei tre innleiande heata i laurdagens landsfinale på Sundvold Motorbane greidde Gisle to 3.-plassar og ein 4.-plass. Det mangla svært lite på ein E-finale; hadde 4.-plassen vore ein 2.-plass, hadde faktisk det vore nok.

Så alt i alt er både Gisle og støtteapparatet bra fornøgde med ein 38.-plass blant 107 startande. Bilen fungerte prikkfritt under alle tre løpa, men med litt fleire hestekrefter under panseret kunne han nok ha kjempa seg litt lenger fram. Fleire av motstandarane hadde litt fleire hestar under panseret enn dei 100 Gisle kunne skilta med. Men kor mykje det utgjer på resultatlista får me aldri vita; hestane under panseret skal jo styrast av ein førar.

Gisle og støtteapparatet er stolte over innsatsen i helga. No kom dei heim med berre gode erfaringar, og til neste år lovar kompisane hans òg å kjempa seg til landsfinalen. Iallfall var både Jonas Koløen Lønning og Audun A. Mehammer sikre på at dei skal kjempa likt med Gisle. Spesielt Jonas tykkest vera svært så revansjesugen. I det siste løpet i sommar miste han bilen sin til ein som la inn eit bod på 9000 kr, og kjøpte den. For uinnvigde er dette eit litt underleg system, men det kan skje med ein kvar bil som er med i bilcross junior. På denne måten held ein prisen på bilane nede, og såleis hindrar eit uhemma kostnadspress i sporten. Så lenge du kan risikera å måtta selja bilen til på denne måten, er det ingen som kan investera titals tusen kroner i bilane sine, for så å sjå at nokon stikk av med dei for ein billig penge. Men Jonas lét seg ikkje stoppa av dette. Berre nokre få dagar etter kjøpte han seg ein ny, gammal Volvo. Om får dagar er han klar til trening, og i slutten av august er han med i løp igjen.

Resultat frå landsfinalen kan me lesa på sidene til NMK Valdres: