Som einaste klasse på Vestlandet er kl. 6a på Rimbareid skule med som pilotklasse i eit europeisk skuleprosjekt om framtida sin skule.

Prosjektet vert kalla iTEC som står for Innovative Technologies for an Engaging Classroom.

– Pilotklassane er såleis med på å utforme framtidas klasserom gjennom å teste ut innovatove (nyskapande) undervisningsopplegg. Temaet for piloteringa i vår er digital historieforteljing, speldesign og 3D-printing, opplyser lærar Ellen Rolfsnes til fitjarposten.no.

Klassen får eit undervisningsopplegg frå iTEC som skal testast ut. Ein viktig grunntanke er at desse undervisningsopplegga skal flettast inn i klassen sine eksisterande fagplanar. – I 6a har me valt å flette det inn i naturfag, og elevane vel sjølv problemstilling ut i frå gitte kriterium, fortel Rolfsnes vidare.

Då fitjarposten var oppom Rimbareid skule, var 6A i gang med å lage digitale forteljingar. Kvar gruppe hadde valt seg eit emne i naturfag, og dei brukte program som EtherPad (samskriving), moviemaker (filmprogram), Screencast-o-matic (filmar skjermen) og goanimate (animisjonsprogram). Dei skriv òg logg for kvar gong, og til det nyttar dei Fronter og Padlet. I tillegg har kvar elev fått seg ein «jobb-mail», slik at noko av rettleiinga frå lærar kan skje per e-post.

Det var ikkje tvil om at elevane syntest dette var både «digg og spennande». Ikkje minst at dei får styre store delar av prosjektet sjølv – og i tillegg jobba med spennande dataprogram. Det var såleis ein svært engasjert gjeng me møtte på den klassetimen me var på besøk.