Formannskapet i Fitjar hadde i dag møte i kantina ved Fitjar Mekaniske Verksted. Leiaren for verftet, Hugo Strand, orienterte først om drifta. Deretter vart vanleg formannskapsmøte avhalde.

Det var eit positivt bilete som vart teikna av den tradisjonsrike verksemda. Frå å hatt fleire tunge år for ei tid tilbake, er no utsiktene positive. Ordrereserven er bra og sjukefråværet er no under 4% mot meir enn 10% for nokre år sidan. Arbeidsstokken fekk ros for å stå på. Dei dyktige fagfolka er ein av grunnane til at resultatet er bra. For tida er mellom 120 og 140 mann i sving på ”Sveiseneset”. Dei fordeler seg med 40 tilsette, vel 40 innleigde og vel 40 tilsette frå underleverandørar til verftet.

Drifta ved verftet er basert på nybygg, ombygging, reparasjon og service av forskjellige typar båtar. I tillegg er ein i ferd med å leggja til rette for FMV BASE, ein lagrings- og vedlikehaldsbase. Det er framleis for lite kaiplass ved verftet, og det er eit ønskje om å få utvida denne.

For å vera med i den harde konkurransen meinte Hugo Strand at verksemda må utvikle staben og gjera den endå betre. Verftet må og lukkast godt med dei oppdraga dei gjer, for å kunne få fleire nye oppdrag.

Leiaren la og fram ei skisse for eventuell utbygging i Årskog, men desse planane er ikkje kome lenger enn til teikningar.

Orienteringa bar tydeleg preg av mottoet for FMV: ”Dyktige fagfolk med arbeidslyst og kapasitet”.