Formannskapet hadde i dag møte i Dåfjorden. Det medførte òg grusarbeid.

Før møtet var dei nemleg på synfaring på Dåfjorden Slipp og vidare ein tur gjennom Fiskaneset Byggjefelt. Vegen til skulen la dei på den nye gangstien fra Fiskaneset til skulen.

Då det står igjen ein del utkøyring av grus på stien, vart formannskapsmedlemene oppfordra til å vera med på å køyra grus med trillebåre. Med ordføraren i spissen tok dei utfordringa. Som bileta syner hadde dei godt tak på trillebårkøyringa.

Det vart uttala att dette var det hardaste formannskapsmøtet på lange tider.