Formannskapet omdisponerer midler og vert med på forlenging av promenaden nedanfor aktivitetshagen ved Fitjar bu og behandlingssenter.

Promenaden er i dag ferdig ved Havn Burettslag. Med denne utbygginga, vil promenaden strekkja seg frå gamle til nye Havnabrua.

Rådmannenn skriv følgjande saksopplysningar :

Stord/Fitjar Demensforening har, saman med tilsette ved Fitjar bu og behandlingsenter (FBB) og ei prosjektgruppe, sett i gang arbeide med «prosjekt aktivitetshage ved FBB» Prosjektet er tildelt kr 150.000,- fra Norsk rehab, og dei tilsette ved FBB har mellom anna arrangert baser, og fatt inn kr. 100.000,- til tiltaket.

Aktivitetshagen skal vere eit verna omrade ved FBB der målsetjinga er å betre livskvaliteten til bebuarane ved å stimulere sansar, og minne, og gje brukarane mogleik for fysisk aktivitet.
Midlane prosjektgruppa her til rådvelde strekk ikkje til i høve til dei planane ein har for aktivitetshagen, og plangruppa henvender seg difor til både kommune, næringsliv og einskildpersonar for ein felles dugnad.

Administrasjonen ser svært positivt på tiltaket ved FBB. Ein promenade på nedsida av aktivitetshagen vil gje ei fin avslutning ned mot Fitjarelva. Opparbeiding av promenade langs elva kan vera eit ”turområde” og vil vera med å auke trivselen for bebuarane ved FBB.

Formannskapet gjore slikt samrøystes vedtak :

Formannskapet vil gje stor honnør til dei tilsette ved FBB og Stord/Fitjar Demensforening  som har teke initiativ til og skaffa til veges midlar til prosjektet.

Formannskapet omdisponerer, innan for ramma av vedteke investeringsbudsjett, kr. 160.000,- til forlenging av promenaden fram til den nye Havnabrua.

Kva  tiltak som skal reduserast som følgje av prosjektet vert å koma attende til i revidert budsjett.