– Ingen nye smittetilfelle, melder ordførar Harald Rydland, som gjev oss siste nytt frå kriseleiinga på Fitjar.
Rydland kan i kveld fortelja at Fitjar har justert nokre av dei lokale tiltaka etter at regjeringa tidlegare i dag kom med sine endringar.
Rydland fortel at Fitjar kommune vel å forlenga det lokale vedtaket om besøksrestriksjonar på sjukeheimen i to veker, fram til 3. februar:
– Det vert tillate med besøk av inntil 2 faste personar i denne perioden. Besøk skal gå føre på pasienten sitt rom. Det skal brukast munnbind under besøket og haldast avstand på minimum 2 meter. Besøkstidene skal oppretthaldast i denne perioden. Besøkstid kvar dag er: 10.30-12.30 og 16.00-18.00.
Besøksrestriksjonane som gjeld på sjukeheimen vert og tilrådd på Havnahuset og andre omsorgsbustader i kommunen, med unntak av besøkstidene.
Opnar litt opp
Ordføraren kan elles meddela at ein no opnar litt opp att:
- Fitjar treningssenter kan ha ope for dei som trenar uorganisert kvar for seg, og for gruppetreningar med inntil 10 deltakarar
- Bassenget på Rimbareid er ope for symjeundervisning i skuletida og for grupper med inntil 10 deltakarar etter skuletid
- Skulekorpset kan halda øvingar som normalt
- For barn og ungdom under 20 år kan treningar i friidrett, fotball, handball og karate kan gå som normalt
- Ope hus i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg kan gjennomførast som normalt
- Seniormiddagane på Fitjar kultur- og idrettsbygg kan gå av stabelen med max. 10 deltakarar