Ein observant lesar har gjeve melding om at det står ein einsam sykkel bak hotellet.

Bak Fitjar Fjordhotell står det ein liten rosa sykkel som ser einsam og forlaten ut. Lesaren som tok kontakt med Fitjarposten seier at sykkelen har stått der ganske lenge, og han reknar med at eigaren ikkje veit at det er der sykkelen står. Har ingen henta den endå står framleis jentesykkelen lett «henslengt» på nordsida av hotellet, mot elva.