Advent står for døra og då er vel julebordsesongen i full gang?

Jorunn Torland og Sissel Christensen på Café Annemor fortel om ei veldig travel tid no framover. Firma og private bestiller mat som vert levert heim eller til selskapslokale. Då er det ikkje berre snakk om julemat, men også snittar og kaker. Me veit at damene på Café Annemor er svært fleksible med omsyn til å lage det folk ønskjer. Dei leverer mat til store delar av Sunnhordland, men på det jamne er det mest i eigen kommune. Frå første søndag i advent vert det servert julemat i kafélokalet kvar dag. Juletallerken kan og køyrast heim til dei som ønskjer det. Det føreligg bestillingar på julebord med varm og kald mat, og dei har lokale til både små og store grupper. Damene fortel at det har blitt populært å kjøpe gåvekort på middagar som julepresang.

Ronald Hareide på Fitjar Fjordhotell seier at familiejulebord har blitt utruleg populære på søndagar i advent. Også i romjula, fredag 29. desember, kjem mange familiar for å nyte eit godt julemåltid. Tradisjonelle julebord for firma utanom bygda har blitt mindre attraktive dei siste ti åra. Det har sin grunn i at bedriftsmarknaden kjem til Fitjar med sine medarbeidarar når det er Sommar-revy. Hotellet har mange bestillingar på bedriftsavslutningar i tida framover, og fredag 21. desember er det smekkfullt. Den dagen inviterer lokale bedrifter sine arbeidsfolk til juleavslutning med god mat. Kvart arrangement kan få sine spesielle matønskje oppfylt. Me lurer på om svineribbe og pinnekjøt er mest populært? – Det trur eg nok, seier Hareide, men me ser aukande interesse for lutefisk. Utanbygds firma kjem elles i adventstida for å ete varm julebuffét med dessertbord.

Randi Dalen på Fitjar Sjø og Camping er travelt opptatt med å førebu kveldens julebord då me stikk innom. Eit lokalt firma kjem for å ete julemiddag med pinnekjøt og svineribbe med tilbehør. Det er dekka til 60 personar. I tillegg har ho bestilling på liknande mat som skal køyrast ut til ei gruppe på ti personar. Randi Dalen fortel at det er størst etterspurnad rundt helgene. Snittar og kaker eller julemat står på folk si ønskjeliste no i advent, og dei fleste høyrer heime i Fitjar eller Stord. I romjula er det også høve til å bestille selskapslokale eller mat til utkøyring. – All mat er heimelaga, understrekar den travle kokka, og me har plass til 80 personar i lokalet her.