Foto: LivOGLyst Dåfjorden

Fredag 4. desember kunne LivOGLyst Dåfjorden invitera sambygdingane til ekte utandørs julekino på Verftet i Dåfjorden.

I flott desemberver samla det seg 75 godt kledde små og store til kinoframsyning som starta kl. 1800. Leiar Jan Oddvard Mongstad opna arrangementet med å ønskja velkomen og fortelja litt om status og planane for LivOGLyst Dåfjorden framover.

– Prosjektet som er tatt opp som 3-årig prosjekt i LivOGLyst Vestland heiter «Gode møteplassar – Dåfjorden 2.0» og målet er å skapa gode møteplassar i bygda og fremja bulyst. Etter eit annleis år med restriksjonar på sosiale treff, vonar me at det vert mogleg å starte opp med sjølve dugnadsarbeidet til neste år, uttala leiaren.

Eit av prosjekta det vil bli fokusert på er å gjera «Pøylo» til ein fin møteplass for både bygdefolk og tilreisande. Eit anna prosjekt ein ønskjer gjennomføra er å laga til ein Zipline i området langs turstien mellom gapahuken og klatrejungelen.

– Begge desse forslaga vart stemt fram av bygda under «Dåfjorddagen» i fjor haust. Sjølve gjennomføringa av prosjekta er tenkt utført på dugnad av bygda med LivOGLyst som koordinator.

Foto: LivOGLyst Dåfjorden

Ei ekte kinooppleving

Så var det endeleg tid til ei ekte kinoframsyning. Området på Verftet var rydda til så dei frammøtte hadde rikeleg plass til å halda god avstand mellom stolane. Sjølve storskjermen og lydanlegget var for anledninga leigd inn frå Vest Lydservice, og filmopplevinga skuffa ikkje publikummet.

– Først såg me to filmsnuttar laga av LivOGLyst Dåfjorden og LivOGLyst Vestland. Deretter kom sjølve julafilmen, «Arthurs julegaverace», ein artig film for både born og vaksne, fortel Mongstad.

Dei frammøtte haldt varmen med både pledd og termodressar, og i kinokiosken kunne ein handla både popkorn, sjokolade, julebrus samt varm kakao og gløgg .

Loddsal vart det òg tid til, og premiane vart trekte rett etter filmen var ferdig.

– Det såg ut som både små og store kosa seg denne desemberkvelden, og me som arrangørar er strålande nøgde med at det var mogleg å gjennomføra eit sosialt treff, avsluttar Mongstad.

Foto: LivOGLyst Dåfjorden