Førstkomande søndag kl. 17.00 er det forfattarkveld på Fitjar folkebibliotek. I tillegg vil Fitjar sogelag presentere sogeskriftet 2013.

31. mai 2013 reiste fire journalistar rundt i alle Sunnhordlands-kommunane og  dokumenterte små og store hendingar. Det resulterte i boka «Sunnhordland 31.05.2013». Her møter me noko av alt det som skjedde i Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes dette døgeret.

Det startar på Sør-Norge Aluminium på Husnes kl. 00.00 og sluttar på musikkfestivalen i Rosendag klokka 24.00.

Dei åtte journalistane kunne sjølvsagt valt heilt annleis i kva for saker dei tok med frå dette døgeret. – Målet var uansett å få med like mange stopp i kvar av dei åtte kommunane i regionen. Ulike som dei er. Like fullt med mange felles trekk, heiter det.

Boka er ikkje berre blitt ein viktig historisk dokumentasjon av korleis ting kunne går føre seg i Sunnhordland 31. mai i det Herrens år 2013. Det er òg blitt ei spennande bok med gode saker og flotte bilete. På søndag vil du både får høyre om, og spørje meir om, dette.

Fitjar har fått stifta eit sogelag. Det er òg spennande. Endå meir er det ei kulturell godhending at dei fyrste gong har gjeve ut eit lokalt sogeskrift med historier frå nær og fjern fortid. 
 
Dette kan du òg få vite meir om søndag ettermiddag kl. 17.00 på Fitjar folkebibliotek. Det er fri entre og enkel servering.