Åttande og niandeklassane ved Rimbareid skule har torsdag og fredag hatt besøk av forfattaren Rolf Enger.

Enger snakka ikkje først og fremst om sine eigne bøker denne gongen, men om Fantasylitteratur som "Narnia", "Harry Potter" og "Ringenes Herre". Særleg fekk elevane kjennskap til den sistnemnde bokserien, både gjennom å lese eit kapittel av Hobitten, som er "forløparen" til " Ringenes Herre", og ved å sjå utdrag frå "Ringenes Herre"-filmane. Med til opplegget høyrde òg at elevane skulle gje ei personskildring av korleis ein fantasy-helt skulle vera.

Rolf Enger er oppvokst i Moss, og bor nå Bergen. Han debuterte i 1989 med novellesamlingen "Ikke en urmaker i verden", og har skrive 7 bøker til no.