Med knuste vindauge, rotne listar og stygge sår i murpussen, tek fasaden på barneskulen på Rimbareid seg svært dårleg ut for tida.

Vedlikehaldsansvarleg for bygninga, Tore Nesbø, er heilt samd i at skulebygninga så absolutt treng vedlikehald, men syner til manglande midlar.

-For å seie det som me er, så har me kvart år, dei siste 20 åra, hatt rundt ein halv million kroner for lite til å oppretthalde eit skikkeleg vedlikehald på skulane i Fitjar. På denne måten har me skove problema framom oss, og no vert resultatet av denne politikken synleg, seier Nesbø.

Ordførar Harald Rydland synest ikkje at nokon kommunale bygningar skal sjå slik ut som denne skulen gjer no.

-Sjølv om det er planar om ein ny barneskule, og sjølv om vedlikehaldsbudsjettet er lågt, kan me ikkje slutte å vedlikehalde bygninga, kommenterer han, og legg til at han vil ha formannskapet med seg opp på skulen, for å sjå på elendet, før møtet dei skal ha førstkomande onsdag. Sjølv er han innstilt på å gje denne vedlikehaldssaka førsteprioritet.

Rektor Svein Kåre Meling ved Rimbareid skule, vonar òg at det no vert gjort noko med denne saka. 

Bileta skulle elles tale for seg sjølv.