Skisse: AMC

– Med ny teknologi kan jobben bli gjort i Noreg og gje store innsparingar på kostnad.

Statens vegvesen jobba tidlegare med ei krum- eller rettlinja bruer som alternativ. Men i desse løysingane var usikkerheitene store, noko også prisen reflekterte. Det blei bestemd at Vegvesenet skulle arbeida vidare med utgreiing av flytebrukonsept.

Statens vegvesen gav konseptutgreiingsoppdraget til to rådgjevargrupper, AMC og OON. Desse to gruppene har sidan november 2018 jobba parallelt og åtskilt med den same utredningsoppgåva. Det Norske Veritas har følgt dei to aktørane, og utført uavhengig analyse- verifikasjonsarbeid.

 Bogeforma flytebru

– Begge gruppene har anbefalt ei bogeforma flytebru, seier sjefingeniør i Statens vegvesen, Øyvind Kongsvik Nedrebø, som har leia arbeidet.

Flytebrua blir over fem kilometer lang, og skal kryssa den 550 meter djupe Bjørnafjorden mellom Tysnes i sør og Os i nord. Dei viktigaste kriteria for arbeidet har vore konstruksjonstryggleik, funksjon, kostnad og estetikk.

– Prosjektet med flytebru over Bjørnafjorden er grensesprengande, og har vekt stor oppsikt i utlandet. Dette har ført til at prosjekt som ein tidlegare ikkje trudde kunne gjennomførast, no blir utgreia, seier prosjektleiar Svein Erik Jakobsen hos AMC.

Arbeidet kan bli gjort i Norge

– Dette er eit prosjekt som krev tverrfagleg og innovativ jobbing. Bruprosjektet blir lagt merke til i fagmiljø nasjonalt og internasjonalt, seier Kolbjørn Høyland, prosjektleiar i OON.

Arbeidet som no er gjort syner at ny teknologi kan ha stort potensial for kostnadsinnsparing. I tillegg kan produksjonen bli gjort i Norge. Det vanlege er at mykje av stålarbeidet i ein så stor konstruksjon blir gjort i utlandet.

Tre fagmiljø – same konklusjon

- Annonse -

Det Norske Veritas seier seg einig i anbefalingane frå AMC og OON om å gå for ei bogeforma bru som haldast fast på kvar side av fjorden, som er utrusta med forankringspunkt til sjøbotn.

– Med ei slik eintydig anbefaling frå sterke fagmiljø, har Statens vegvesen grunnlag for å kunna leggja fram eit meir presist kostnadsestimat for bru over Bjørnafjorden enn tidlegare. Vegvesenet vil komma tilbake til det i slutten av oktober, seier Nedrebø.