Badevakt Gyrid Sæterbø framfor bassenget på Rimbareid. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Legg opp til svært stram økonomistyring for å unngå eit rekneskap med meirforbruk.

På onsdag skal formannskapet gjera framlegg til vedtak for det reviderte budsjettet, før kommunestyret skal gjera endeleg vedtak seinare i juni.

Det opphavleg budsjettet hadde ein svært liten reserve; eit mindreforbruk på 575 000,-Adiministrasjonen legg no fram eit revidert budsjett utan reserve. Dette krev svært stram økonomistyring for å unngå eit rekneskap med meirforbruk.

Det har kome til nye, store behov også i år. Trass i ein ikkje ubetydeleg inntektsauke, ser ein ikkje moglegheita for å dekka desse med nye løyvingar. Sektorane må dekka deler av nye behov på eksisterande løyvingar. Kjem det nye større utfordringar til Fitjar i 2019, vil det resultera i meirforbruk.

Formannskapet rår kommunestyret til å gjere følgjande budsjettendringar:

(Tiltak er inkludert i sektorane sine samla endringsbeløp)

Inntekter

Rammetilskot vert auka med 15 000,-.

Tiltak: Ekstraordinært skjønstilskot på 140 000,-.

- Annonse -

Skatt og inntektsutjamning vert auka med 425 000,- netto.

Tiltak: Fitjar aukar skatteinntekter med 2 mill., og reduserer inntektsutjamning med 1,9 mill.

Eigedomsskatt vert auka med 1,5 mill.

Låneavdrag vert redusert med 200 000,-

Utgifter

Helse og omsorg får auka løyving med 1,75 mill.

Tiltak: Barnevernstiltak vert tilført 1,34 mill.

Løn heimebaserte tenester vert redusert med 0,34 mill.

Økonomisk sosialhjelp vert tilført 0,75 mill.

Oppvekst og kultur får auka løyving med 1,45 mill.

Tiltak: Tilskot til private barnehagar vert auka med 1,4 mill.

Barnehageborn vert tilført kr 100 000,-

Kulturmidlar vert redusert med 50 000,-

Plan, utvikling og teknisk får redusert løyving med 150 000,-.

Tiltak: Energiutgifter vert tilført 400 000,-

Vedlikehaldsbudsjettet vert tilført 200 000,-

Inntekter kaileige i Årskog vert auka med 350 000,-

Kompensasjon for drift av idrettsanlegg vert redusert med 150 000,-

Innsparing på 250 000,- ved å stengje symjehallen

Politisk leiing får auka løyving med 560 000,-.

Tiltak: Tilleggs- og nye løyvingar vert auka med 600 000,-

Servering politiske møte vert auka med 10 000,-

Næringstiltak vert redusert med 50 000,-

Administrasjon får redusert løyving med 100 000,-

Økonomisk forvaltning vert endra med 600 000,- i meirinntekter.

Fellestiltak for kommunen:

Organisasjonen skal spara 95 000,- på vakansar og / eller redusert vikarutgifter.

Organisasjonen skal redusera utgiftene til kurs med 100 000,-.

Kommunestyret vedtek å auke ramma for låneopptak til ordinære investeringar i 2019 med 8,85 mill., til 27,5 mill.

– Når administrasjonen har vurdert konkrete innsparingar i budsjettet har vi denne gangen prioritert å redusere i tenester som ikkje er lovpålagte, eller der vi kan oppfylla lovkravet sjølv ved redusert drift. Difor har både kultur- og næring fleire driftsreduksjonar, står det sakspapira.