Ein mopedførar fekk førelegg for å ha trimma mopeden under ein trafikkontroll i Fitjar sentrum i dag. 

– Kontrollen varte frå klokka 18.55 og fram til klokka 19.45. Resultatet vart at av 20 kontrollerte bilførarar var det ingen merknader. Berre den overnemnde mopedkøyraren fekk bot, melder operasjonsleiar Trond Olav Friborg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.