Komande måndag , 27. januar, er alle foreldre invitert til foreldrekveld i Fitjar kyrkje. Tema for kvelden er «På med leiartrøya i familien».

Vi lever i ei tid med mange gode og varme foreldre som set barna først. Barna får utruleg mykje, likevel blir dei ikkje takknemlege. Mange opplever kvardagen som krevjande.

Liv Berit Heimstad Tønnesen sitt mål med kurskvelden er å myndiggjera foreldra og la dei få leiartrøya på. Drivkrafta er kjærleiken til barnet, og foredragshaldaren vil hjelpa foreldra til å finna ut korleis dei kan få den familiekulturen dei ynskjer å ha. Ho ynskjer å gje foreldra styrke til å laga ein familiekultur der barn og vaksne er både trygge og rause.

Arrangør av kvelden er Fitjar sokneråd (Babysong og småbarnstreff), Fitjar søndagsskule og Bakken barnehage.