Fikling med mobiltelefon medan ein køyrer kan vere livsfarleg. Foto: Gjensidige.

Skulane startar opp att i desse dagar. Mange foreldre køyrer barna til skulen, og mange av desse snakkar i telefonen medan dei køyrer.

For mange foreldre – særlig dei med heimekontor ­– kan det vere freistande å køyre barna til skulen. No kan forsikringsselskapet Gjensidige fortelje at heile 64 prosent av foreldre med minst tre barn bruker mobilen utan handsfree medan dei køyrer.

– Ligg unna mobilen når du køyrer!

– Dette er ikkje bra, og når vi no reknar med at det blir ekstra trafikkert rundt skulane, kan det lett oppstå farlege situasjonar, ikkje minst viss ein bruker mobilen medan ein køyrer, seier kommunikasjonssjef Bjarne Rysstad i Gjensidige.

Selskapet har forståing for at nokon kanskje er nøydde til å køyre, og at det kan vere freistande å lese beskjedar eller snakke i mobilen medan ein sit bak rattet, men oppmodinga er klar.

– Så langt det er mogleg, bør du avgrense køyring i skulens nærområde, og ligg for all del unna mobilen når du køyrer, særleg i nærområdet til skulen, seier han.

Blant dei med eitt og to barn er det 55 prosent som bruker mobilen utan handsfree. For bilistar generelt er det 4 av 10 som bruker mobil utan handsfree. Dessutan viser undersøkinga at 6 av 10 bilister har opplevd at mobilen har tatt merksemda bort frå vegen, og blant desse førte det for ein tredjedel til farlege eller ubehagelege situasjonar.

Tala er henta frå ei undersøking Ipsos har utført for Gjensidige. Gjensidige har dei siste åra gjort ei rekkje undersøkingar knytt til mobilbruk og skjermbruk i bil, og tala er urovekkande.

Kraftig gebyrauke

– Vi har stilt spørsmål på fleire ulike måtar, og det bildet som teiknar seg, er klart og tydeleg: Altfor mange lar seg distrahere av mobil og andre skjermar når dei køyrer bil, og dette skaper farlege situasjonar. Vi meiner at tida dessverre er moden for ein kraftig auke i gebyrsatsane for mobilbruk i bil, seier kommunikasjonssjefen.

Gjensidige foreslår bøter på inntil ei månadslønn, på same måten som ved promillekøyring, i dei verste tilfella.

– Kraftige bøter vil svi ut frå den lommeboka ein har, og vi trur det vil skremme bilistane frå å fikle med mobilen medan dei køyrer, seier han.

Rysstad understrekar at bøtenivået bør variere ut frå alvorsgrad, og påpeiker at fleire liv har gått tapt som følge av mobilbruk i bil.

Avkorting

Forsikringsselskapa straffar mobilbruk ved å redusere erstatningane når trafikkuhell kan knytast til mobilbruk. I grove tilfelle har Gjensidige avkorta erstatningar med meir enn 100.000 kroner.

Gjensidige er eit leiande nordisk skadeforsikringsselskap notert på Oslo Børs. Selskapet har om lag 3 700 medarbeidarar og tilbyr skadeforsikring i Noreg, Danmark, Sverige og Baltikum. I Noreg tilbyr Gjensidige også pensjon og sparing. Driftsinntektene var 28 milliarder kroner i 2019, medan sum eigendelar utgjorde 112 milliardar kroner.