Dette var hovudbodskapen til Terje Eriksen i foredraget under foreldremøtet på Rimbareid skule tysdag kveld.

Eriksen er SLT-koordinator med tilhaldsstad på Stord lensmannskontor og var invitert av FAU til å halda foredrag om «ungdom, kropp og nettvett».

Leiar i FAU, Lovise Vestbøstad, fryda seg over å kunna ønskja velkomen til foreldremøte i storstova på nye Rimbareid skule. Ho minte foreldra på at no er det tid for å ta ein prat med borna våre om korleis me tar vare på ting.

Terje Eriksen tør vera kjent frå arbeidet sitt mot rus, doping og nettmobbing som SLT-koordinator på Stord. Han kvitterte for velkomsten med ein humørfylt replikk til John Karsten Raunholm, skulesjef og far: – Du måtte heilt til Fitjar for å oppleva ein ny skule! Som kjent har John Karsten vore rektor på Stord ungdomsskule i mange år.

SLT-koordinatoren mangla ikkje glimt i auga, men det var eit stort alvor han minte dei 40 frammøtte foreldra om.

– Noko av den grovaste nettmobbinga eg har sett, var her på Fitjar i haust, innleidde han foredraget sitt med.

Han gløymde likevel ikkje å framheva at me aldri har hatt så mange flotte ungdommar som no. Men ukontrollert bruk av sosiale medium på internett er med og pregar skule- og klassemiljøet. Dette er ei ny utfordring, som foreldra må ta på alvor, meinte Eriksen. Ungdommane forstår ikkje kor alvorleg det er, og foreldra MÅ snakka med ungane om nettvett lenge før dei kjem i ungdomsskulen.

I følgje Eriksen har elevane på Rimbareid skule nesten ingen reglar for kor tid dei kan bruka mobiltelefonen. Og elevane seier foreldra ikkje er interesserte i kva dei held på med på nettet. Andre undersøkingar viser at 83 % av foreldra meiner dei sit saman med ungane sine på internett, medan berre 24 % opplever det slik.

Ungdommane har teke i bruk eit svært injurierande språk på internett. Dei forstår ikkje at skjellsord og trugsmål ikkje er lov, og dei tar med seg ut i daglegtalen. Eriksen minte om slik ordbruk kan vera straffbar, og at den kriminelle lågalderen er 15 år. Som døme nemnde han at ordet «hore» brukt som skjellsord kan gi ei bot på 4500 kroner. Og det du gjer etter du har fylt 15 år, kjem på ditt eige rulleblad, ikkje foreldra sitt. Dermed kan det få følgjer for utdanning og yrke du kan få i framtida, eller kva land du kan reisa til. Dette kjem ofte overraskande på ungdommane, som må bli minte på alvoret.

Terje Eriksen nemnde fleire døme på nettmobbing, og hevda den utgjer ein større fare for den psykiske helsa enn rus. Foreldra må ta denne ny oppgåva på alvor, og rettleia ungane i bruk av nettet.

Harald Engevik er leiar i Engevik & Tislevoll AS, og hadde ei hyggelegare oppgåve på foreldremøtet. Det er entreprenørfirmaet hans som har ansvaret for skuleutbygginga. Han vedgjekk at det ville bli litt trist å riva barneskulen – «som pappa bygde i 1954». Men elles var han glad for å vera med på å gi bygda ein så flott ny skule.

Utearealet teinar til å bli mykje meir gjennomtenkt og tiltalande enn før. Men det manglar framleis pengar til å gjennomføra alt som er teikna inn på planane Harald Engevik viste fram. Totalt er det bruk for 3,3 millinonar; berre asfaltering av skuleplassen kostar 900 000 kroner. Når ein reknar inn tilskot frå spelemidlar, manglar det 1,6 millionar.

Fleire foreldre uttrykte ønskje om å bidra med eigeninnsats, som i kombinasjon med spelemidlar, kan vera med og frå realisert delar av det planlagte utearealet.