Det fins mange foreiningar i Fitjar, og mange foreiningsleiarar. Ein av dei er Bergitte Hovland. Ho leiar ei foreining som i år er 150 år. Biletet: Bergitte Hovland med skrivet som syner at Fitjar Misjonsforeining av NMS er 150 år. Foto: Håkon C. Hartvedt

Samstundes kan Bergitte stå som representant for dei mange misjonskvinnene som står på i arbeid for misjonen, sjølv i svært høg alder.  Bergitte snart 90 år, men dei fleste andre i foreininga er det  – og vel så det. Eldst er Anna Rydland Nesbø  og Gudrun Tufteland på 95  år. Med i foreininga  utanom Bergitte, Anna og Gudrun er: Marta Tufteland, Marta Hauge, Marta Vik og Annlaug Rimmereid.

Store delar av livet har Bergitte budd utanfor Fitjar. Dei siste åra av sitt yrkesaktive liv arbeidde ho ved Bergen ligningskontor, men også i desse åra var ho med i misjonsarbeid. Både i Samemisjonen og NMS. Så då ho kom tilbake til Fitjar då ho vart pensjonist vart ho nokså snart med i misjonsarbeidet her, og dei siste 15 åra har ho vore leiar av Fitjar Misjonsforening av NMS. Foreininga er òg kjend under namnet «Prestegårdsforeininga», men i dag brukar damene det offisielle namnet. 

150 år
Det som kan synes å ha gått mange «hus forbi» er at foreininga har storjubileum i år. Heile 150 år er gått sidan foreininga vart starta i 1865, 22 år etter at Det Norske Misjonsselskap såg dagens lys.

Bergitte har i eige eit skriv frå ein tidlegare sekretær i NMS som har undersøkt litt om fitjarforeininga i kretsen sine arkiv. Ho har òg ein artikkel som Stein Erik Gilje skreiv då foreininga var 130 år, og der han intervjua Arne Tislavoll om saka. Av desse skriva går det fram at presten som kom til Fitjar i 1862, Ivar Olaus Widerøe, skipa foreininga i 1865.

Misjonsgløden breidde seg snøgt. Stova på prestegarden vart snart full, og misjonskvinnene skipa foreiningar rundt om i grendene. i 1889 bestod foreininga av 11 kvinneforeiningar og ein mannsforeining.

Jonsokbasaren
Det er denne foreininga som har stått for den årlege Jonsokbasaren på Fitjar Bedehus. I år sette dei rekord og fekk inn 60 000 kroner.

Men damene begynner å dra på åra, og det er uvisst kor lenge dei kan makte å halde på. 

-Du ønskjer at nokon yngre kan ta over?

-Ja, kjære folk. Det hadde vore velsigna kjekt, seier Bergitte med von i stemma, til slutt.