Fitjar skulekorps er inne i ei hektisk oppkøyring til NM for skulekorps, og som ein del av førebuinga inviterer dei til gratiskonsert saman med Stord og Rommetveit skulekorps. Kom og høyr på oss, me er gode, seier musikantane.

Laurdag 23. juni kl. 09.50 skal Fitjar skulekorps sitta på NM-scenen i Stavanger og spela NM-stykket sitt The Bold and the Brave. Stykket er komponert av iren Richard Rock og er spesialskreve til korpset på Fitjar. Fram til no har dette stykket berre blitt spelt for publikum ein gong, men førstkomande torsdag kan alle som vil ta turen til kultursalen og få med seg at korpset spelar dette unike stykket. 

Stord skulekorps og Rommetveit skulekorps skal og delta i NM i år, og begge desse korpsa vert og med på konserten og spelar sine NM-program. Stord skulekors er eit janitsjar-korps og reiser difor til NM i Larvik, men Rommetveit skal til NM for brass-skulekorps i Stavanger og er i same divisjon som Fitjar. Mellom dei 13 korpsa som stiller i 3. divisjon er det heile tre korps frå Sunnhordland. I tillegg til Rommetveit og Fitjar deltek og Moster skulekorps. Fitjar skulekorps deltok og i fjor og overraska då både dirigenten og andre med ein god fjerde pass.

Skulekorpset øver intenst for tida og musikantane gler seg til å reisa på tur og å delta i NM. Dei synes NM stykket er kjekt å spela no når dei kan det så godt,  og dei meiner dei har god sjanse i NM. Oda Rydland seier at dei sjølvsagt går for å vinna og meiner alle som deltek har like gode sjansar. Ja, for alle startar jo på 0 poeng, forklarer Kristi Rydland. Ei av dei eldste musikantane, tillitsvalde Ragnhild Prestbø, skyt inn at me gjere vårt beste og så tar me den plasseringa me får. Det beste til Fitjar skulekorps er svært bra for tida og etter gjennomkøyringa av opningssatsen på øvinga på måndag utbraut dirigent Svein Roger Koppang: Spelar de så bra i Stavanger då vinn de! Men det er ikkje lett å prestera sitt beste i ein pressa konkurransesituasjon, det veit både dirigent, musikantar og foreldre.

NM er ope for publikum så alle som vil støtta korpset er velkomne til å ta turen til Stavanger og høyra på dei der. Offentleggjering av poengsummar og plasseringar skjer under festkonserten i Stavanger forum sam kveld.  

Korpset ynskjer seg mange folk i salen under gratiskonserten dei skal ha torsdag kveld klokka 19, og musikantane meiner folk må koma å høyra på dei fordi dei er ein så flott og kjekk gjeng. Ja, og så er me veldig gode, poengterer Kaia Rydland. Styreleiar Ole Christian Ottestad gler seg over å kunna tilby folk å koma å høyra at korps dreiar seg om så mykje meir enn marsjar og nasjonalsongar. Han håpar folk kjenner si visittid og nyttar høvet til å høyra flott musikk på høgt nivå.

Me ynskjer korpset lykke til i NM og kjem sjølvsagt attende med rapport frå konkurransen og resultatliste. 

Fitjar skulekorps urframfører The Bold and the Brave under kulturskulen sin sommarkonsert.