Musikantar og foreldre i Fitjar skulekorps har i lang tid førebudd marknad i gymnastikksalen på Rimbareid skule.

Musikantane har øvd alt det dei har kunna og både juniorkorpset som består av årets aspirantar og 1. års juniorane, og hovudkorpset har satt saman kvart sitt flotte program. Fitjar musikklag vert og med, og rykta seier at dei har med nokre nummer frå ABBA-konserten sin, som dei denne kvelden vil framføra heilt gratis. Her vert det garantert mykje flott musikk høyra.

Foreldre, besteforeldre og andre korpstilhengarar har strikka og sydd dei finaste ting som skal loddast ut under marknaden. I tillegg til sal av skrivelodd og årer vert det og kiosk. I kiosken kan ein kjøpa seg både pølse i brød, nysteikte lappar, kaffi og kaker.

Korpset er overbevist om at det vert ein kjekk kveld og reknar med det vert folk på kvar ein stol dei set fram i gymnastikksalen og ynskjer alle hjarteleg velkomne!

Annonse for marknaden til høgre her på Fitjarposten.