Denne gongen er det Fitjar skulekorps som slår to fluger i ein smekk ved å leggja til rettes for gjenbruk samstundes som dei samlar inn midlar til drift av korpset.

Medan musikantane førebur seg til speling i Midtfjellet under opninga av vindparken 17. september, førebur foreldra seg til stor loppemarknad i Fitjar kultur- og idrettsbygg laurdag 7. september.

Det er lenge sidan sist det vart arrangert loppemarknad på Fitjar, så korpset har stor tru på at det er marknad for dette no. I tillegg til loppemarknad med sal av diverse lopper vil det og verta kafe, lynlotteri, tipping, sal av lykkeposar og sal diverse husflidsprodukt, fortel Kari Konglevoll Prestbø i arrangementskomiteen.

For å få til ein loppemarknad treng ein naturlegvis ein del lopper, og desse tar korpset imot i kulturhuset torsdag 5. og fredag 6. september mellom klokka 17.00 og 20.00. Kari fortel at dei tar imot alt som er heilt og reint, bortsett frå kle til vaksne, kvitevarer og store møblar, og ramsar opp kjekke gjenbruksting som syklar, ski, akebrett, skeiser, fotballutstyr, vinterutstyr til barn, cd-ar og dvd-ar med meir. 

Korpsforeldra håpar fitjarfolk vil støtta opp om tiltaket og korpset ved å koma med lopper og handla, og Kari som allereie har teke imot nokre lopper håpar ho ser mange folk på marknaden. Og ho er ganske sikker på at det vil vera skattar å finna for dei som tek turen innom kulturhuset laurdag 7. september. 

For spørsmål eller avtale om henting av lopper kan ein ta kontakt med Inger Elin Helland på tlf 924 38 969 eller Kari Konglevoll Prestbø på tlf. 414 02 845.