Fitjar kultur- og idrettsbygg  ynskjer å visa litt av kva som rører seg i kulturlivet i bygda og inviterer til kulturmønstring på laurdag.

Terje Træet i arrangørkomiteen seier at dei med dette arrangementet ynskjer å visa litt av bredda i kulturlivet i Fitjar, og det kjem til å bli eit svært variert program med noko for ein kvar smak. Det vert korpsmusikk ved skulekorpset og musikklaget. Judith Hageberg og Ingvild Prestø skal spela på fløyta og elles vert Osternes mannskor, Henning Wichmann, Ole Andre Westerheim, Siri Eidsnes, Per Drønen og Ingolv Rimmereid med på ulikt vis.

Mønstringa tek til klokka 18.00 og det vert billettsal (kr 150,-) ved inngangen.