Godt oppmøte og god respons frå næringsliv og organisasjonsliv. Foto: Kjetil Rydland.

Måndag kveld presenterte ordførar Harald Rydland og kultursjef Elise Aarbø opplegget for neste års 150-årsfeiring for representantar frå næringslivet og frivillige organisasjonar i Fitjar.

I 2010 er det som kjent 150 år sidan Fitjar blei eigen kommune. Politikarane er allereie i full gang med å planleggja ei storstilt feiring, som startar 3. januar under den store juletrefesten i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Då blir det snorklipping, og sidan går det slag i slag, med kulturelle innslag av ymse slag. Me får sjå eit stort ”standup-show” i kultursalen, 23. januar. I mars blir det ungdomsteaterframsying i kultursalen, og i april får me høyra Sondre Bratland i kyrkja.

Første veka i mai neste år blir ein travel veke. Første mai blir det ope hus på museet i Årskog. Søndag 2. mai blir det gudsteneste etter gammal liturgi i kyrkja, og «opning» av gamle kyrkjevegar både til fjells og til sjøs. Onsdag 5. mai er det nøyaktig 150 år sidan det første heradstyremøtet i det nye heradet Fitjar. Det blei avvikla i Færøysundet, og dette vil bli markert med kommunestyremøte her den dagen. Same dagen blir det og konferanse for politikarar og andre, med servering av tradisjonsmat og båtskyss frå Sandvikvåg.Torsdag 6. mai er det planlagt ”Snorklipping” for Rimsvarden og kulturhistorisk løype i sentrum. Om kvelden blir det lansering av jubileumsboka for Fitjar kommune. Heile veke 18 vil skulane arbeida med prosjektet ”grenda gjennom 150 år” med utstillingar, bygdekveldar osb. Grendelaga blir oppmoda om å lage til temakveldar/utstillingar osb.

Programmet til neste års 17. mai blir utvida i høve jubileet. Om ettermiddagen blir det jubileumsrevy kultursalen, to forestillingar. Premieren for denne revyen blir laurdag 15. mai. I juni er det 100 år sidan vegen Fitjar-Sagvåg var ferdig. Dette vil bli markert med veteranbilkortesje tur/retur Fitjar til Leirvik over Morkjo. Fitjarfestivalen skal avviklast 19. til 22. august. Heile programmet er ikkje klart enno, men den blir opna torsdag 19. august med med vise- og lyrikk-kveld i kultursalen. Her vil det bli mange lokale innslag. Ein vil samla lyrikk som er skrive av fitjarforfattarar. Vidare vil ein henta heim andre gamle grupper og kor.

”Håkonarspelet” blir sett opp fredag 3. og laurdag 4. september. Seminar og konsert med Brass Brothers og skulekorpset får me høyra 5.september. Revyfestival – vestlandsmeisterskap i revy  i Fitjar kultur og idrettsbygg 17. – 18. september.

I visjonen for 150-årsmarkeringa seier ordføraren bl.a. at ein vil fronta det som er positivt og gjera kommunen synleg gjennom varierte og spanande aktivitetar, skape stolthet blant innbyggjarane våre og vera identitetsskapande.

No går det ny invitasjon ut til næringslivet og frivillige lag og organisasjonar til møte neste torsdag, 17. desember kl. 19.00. Her vil ein prøva å få skipa «Fitjar Festivalforening», ei foreining med representantar frå næringslivet, frivillige lag og Fitjar kommune. Føremålet med Fitjar Festivalforening vil vera å skipa til festivalar og andre tilskipingar i Fitjarbygda. Dese tilskipingane skal ha skal ha som mål å få fram positive sider ved Fitjar, skapa engasjement og styrka identiteten til Fitjarbygda, abeida for levande lokalmiljø i heile kommunen, styrka dei frivillige laga og organisasjonane i Fitjar, og skapa trivsel for dei som bur og er på besøk i Fitjar.

Godt oppmøte og god respons frå næringsliv og organisasjonsliv. Foto: Kjetil Rydland.

Karvel Strømme ser fram til 150-årsjubileet. Her i samtale med kultursjef Elise Aarbø. Foto: Kjetil Rydland.
Karvel Strømme ser fram til 150-årsjubileet. Her i samtale med kultursjef Elise Aarbø. Foto: Kjetil Rydland.