Det vert 17.mai i år ogso, berre i ein litt anna variant. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar kommune kunne i dag informera om korleis dei tenkjer å gjennomføra 17.mai feiringa med dagens situasjon.

– Grunna Covid-19 pandemien har ein diverre ikkje mogelegheit for å gjennomføre 17. feiringa på vanlig måte i år. På Fitjar har ein difor planlagt ei alternativ feiring som skal streamast direkte via YouTube, opplyser kommunen.

Vidare skriv dei at Fitjar ungdomsråd tek oss med gjennom dagen og presenterer dei ulike tilskipingane som står på programmet.

– Det vert ikkje høve for publikum til å møte fysisk opp. Heile programmet er enno ikkje heilt klart og ein vil komme attende med fleire detaljar. Ein ventar på nye nasjonale føringar for 17. mai som kjem 4. mai. Det ferdige programmet skal oppdaterast og vert offentleggjort rett etterpå.

Slik ser det førebelse programmet ut:

Kl. 08.00 Flaggheising ved rådhuset, skulekorpset spelar.

Kl. 10.30 Skulekorpset spelar ved Havnahuset og FBB.

Kl. 11.00 Gudsteneste frå Fitjar kyrkje.

Kl. 11.30. Kransepålegging for dei falne frå 2.verdskrig v/ordførar Harald Rydland og Anna Sandvik Bø. Tale for dagen ved rådmann Olaug Haugen. Skulekorpset spelar.

Kl. 13.00 Heile landet syng nasjonalsongen ilag.

I pausane mellom dei ulike punkta på programmet vert det vist gamle og nye bilete frå Fitjar v/ Per Johan Vestbøstad.