Etter ein tur i fjellet i dag foreslår me søndagstur over Svartavatnet, Grønafjedlet og Botnavatnet.

Men dagens turforslag er berre for dei som er stødige på beina og har solide broddar. Det er lett og fint å gå, men isen og skaren, som ligg nesten over alt, er glatt og skummel. Me vil ikkje rå nokon til å leggja ut på tur utan å vera skikkeleg skodd. Knekte halabein og lårhalsar vil me ikkje ta ansvar for.

For folk i brukbar form er dette ein lett tur på tre-fire timar. Det er ikkje vanskeleg å finna fram; det er berre å ta på seg broddane og leggja i veg. Søndagsvêret blir strålande, ifølgje varselet på yr.no.