Det er for tida forbod mot hagevatning med spreiar.

Vassforbruket i Fitjar har hatt ein stor auke den siste veka, noko som fører til at dei som bur i høgare strok misser vasstrykket, og i verste fall vert utan vatn i periodar.

Av den grunn går kommunen ut med forbod mot hagevatning med spreiar fram til neste periode med nedbør.