Så lenge det er tele i jorda er det eit generelt forbod mot å spreie gjødsel. Men ein kan søkje dispensasjon, heiter det mellom anna i pressemeldinga som følgjer nedanfor.

«Sein vår og overfylte gjødsellager gir store utfordringar for jordbruket. Så lenge det er tele i jorda er det eit generelt forbod mot å spreie gjødsel, etter Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav. Først når dei øvste 15 cm av jorda har tint kan ein sette i gang med spreiinga.

Mogelegheit for dispensasjon
Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor vil oppmoda bønder med ledig lagerkapasitet til å hjelpe dei som har fulle lager. Der det ikkje lar seg gjere å finne ledig kapasitet, kan kommunen gi dispensasjon frå forbodet mot spreiing på frosen mark.

Ein søknad om dispensasjon må innehalde kart over planlagt spreieareal og mengde som må spreiast for å unngå overløp frå gjødsellager. I tillegg må ein visa til at man ikkje har mogelegheit til å fordele gjødsla på andre lager. Søknad kan fremjast som brev, e-post eller ved personlig frammøte.

SFLMK vil prioritera søknader om dispensasjon og legg opp til rask sakshandsamingstid, men ingen må spreie gjødsel før kommunen har vurdert saka og gjort positivt vedtak. Spreiing på frosen mark utan dispensasjon er brot på gjødselforskrifta og forureiningslova, og kommunen kan vurdera sanksjoner i slike tilfelle.»