Ein bilførar fekk beslaglagt førarkortet sitt i ein fartskontroll på Jektevik i føremiddag.

Politiet fortel at dei  gjennomførte ein to timars fartskontroll i 60-sona ved Jektevik i føremiddag. Ni andre bilførarar fekk forenkla førelegg.
– Bilføraren som mista lappen kjørte i 91 km/t. I tillegg til å mista lappen, blir han meldt, opplyser operasjonsleiar Svein Sørensen til fitjarposten.no.