Karen Elisabet Rydland Sæbø har fylt gamlefloren med søte bukkekje som skal bli til gourmetmat om eit par månader.

I går var Lars J. Rydland til Kvinnherad og henta 38 små geitekillingar. Dei eldste var knapt ei veke gamle, og den yngste «pjusken» berre ein dag. Kjea har gått med mødrene sine til dei blei henta, men no er dei avhengige av godt stell på Rydland. Karen Elisabet fortel at ho ønskjer å utnytta ein ressurs som elles hadde gått til spille. Dei fleste bukkekje har vanlegvis ikkje noko langt liv; dei fleste endar som kråkemat straks etter fødselen.

På Rydland vil geitekillingane få eit litt lengre liv, under kyndig tilsyn av veterinær Karen Elsabet R. Sæbø. Dei blir fora opp på «morsmjølkerstatninga» Sprayfo, som er laga i Nederland av mjølkeråvarer levert frå Tine i Noreg. Dei fleste kjea ser ut til å ha klart overgangen til det nye foret godt. Dei ser ser sunne og trivelege ut, og berre dei minste treng litt hjelp med å drikka. I tillegg til mjølkeblanding og vatn vil kjea etter kvart få kraftfor og høy. Karen Elisabet fortel at i år har ho litt heimeavla høy, omtrent nok til desse kjea.

Ho får god hjelp til foringa av dottera Elisabet på åtte år. – I tillegg til ressursutnytting ser det og ut til å vera ein fin måte å læra ungane å stella dyr, seier Karen Elisabet. Verken ho eller ungane hennar tenkjer så mykje på at dei søte dyra ikkje har noko langt liv i vente. Dei skal bu i gamlefloren i 8 veker, til dei blir leverte til slakt hos Nortura på Sandeid. Den 15. mars vil dei vera 10-12 kilo tunge, levande vekt, og slaktevekta blir vel 5 kilo.

Karen Elisabet fortel at dette er det beste kjøtet du kan tenkja deg. – Og det er så absolutt kortreist mat! Ho plar ta ein del av kjea i retur frå slakteriet. Dei som er interesserte i ein delikatesse, må gjerne ta kontakt.