For andre år på rad inviterte messingblåsarane i bygda til ein pust i bakken, med Vaffel og taffel i revyteltet.

 

 

Som i fjor var det kjekt å koma saman og få servert smakebitar frå miljøa rundt Fitjar Musikklag og Fitjar Skulekorps ein gong til før sommaren, både musikalsk og gastronomisk. 

 

Både musikklaget og korpset laga ablegøyer rundt starten av sine økter. Det var mange tomme stolar i orkestra, men når dei som hadde funne plassane sine starta opp, kom resten av musikantane ramlande på plass, ein tilsynelatande mangel på disiplin. Men når orkestra var samla, var det fullt fokus. Tipp, topp, tommel opp, både til dei som spelte og dei som sytte for vaflar, kaffi og saft.

 

Dirigent for skulekorpset, Svein Roger Koppang, uttalte undervegs at han hadde den lette jobben, at det var musikantane som stod for det harde arbeidet. Han må likevel ta sin del av «skulda» for at det høyrest så bra ut. Kjekt var det også at nummeret med aspirantane hadde innslag av surroundlyd; eit must for ein korpskonsert i 2015…?

 

Velfortent applaus til musikantane i musikklaget. Foto: Arne Vestbøstad

 

Det såg ut for at publikum likte seg under konserten. Foto: Arne Vestbøstad

 

 

Ingressbilete: Haldis og John Abotnes, til høgre, næraste naboar til revyteltet og tidlegare berebjelkar i skulekorpset, var to av dei som let seg lokka av kaffimat og musikk, medan Marianne Aarbø, til venstre, stod på saman med andre foreldre for å stetta etterspurnaden etter nysteikte vaflar. Foto: Arne Vestbøstad