Reggae- og hiphop-artisten Admiral P gav oss ei kjensle av at livet er «sweet» under konserten på Sjøsio laurdag kveld.

I alle høve var dette konklusjonen til festivalgeneral Ann-Sofie Drønen då ho runda av konserten til Admiral P. Og me er langt på veg einige, dette er ein av dei beste artistane me har møtt på Fitjar. Mellom 800 og 1000 menneske møtte opp på Sjøsio denne vakre sommarkvelden for å møta den kjente artisten.

Det er ingen tvil om at blodfansen langs gjerdet – ein flokk ungdommar mellom 8 og 16 år – fekk det dei hadde kome for. Dei kjende låtane til den norsk-zambiske artisten kom som perler på ei snor, til stor jubel for fansen.

– Dette var gøy, var den unisone dommen frå den yngre garde etter konserten.

Me som måtte bruka høyrselvern på grunn av volumet kunne heller ikkje unngå å la oss riva med. Dette er ein artist frå absolutt øvste hylle!