Ungdomsorganisasjonen Juvente har testa om butikkar sel øl til mindreårige. Av 902 butikkar som vart testa, fekk dei kjøpt øl i 331. Også i Fitjar var resultatet nedslåande.

– Då ungdommar frå ungdomsorganisasjonen Juvente i 2014 forsøkte å kjøpe alkohol i daglegvarebutikkar i Fitjar kommune, fekk dei kjøpt i 3 av 3 butikkar, skriv Juvente i ei pressemelding. Testen vart gjort før jul, og ungdommane som fekk kjøpt øl var mellom 13 og 16 år.

Fleire fekk kjøpt i 2014
Juvente har drive med slike kontrollar over heile landet siden 2007. Tala har vore jamt nedadgående inntil 2014, då me for første gong sidan vi starta kampanjen, opplevde ei auke.