Godt og vel 100 personar tok beina fatt for å vera med på friluftsgudstenesta ved Kidnavatnet andre pinsedag.

 

Det såg spøkje ut på himmelen, men når det kom til stykkje, vart det berre nokre lette maidråpar som berre var gunstige for krøllene på hovudet. Likevel var det mange som valde å gå ned att når gudstenesta var ferdig, for det var ikkje akkurat nokon temperatur å bli sitjande i.

 

Sokneprest Olav Oma fekk god hjelp av musikantane Marte, Sofie og Guro RImmereid og Elin Korsvik, medan Rasmus Fitjarr etter gamalt fekk klemta med klokka. Foto: Arne Vestbøstad

 

Dei som hadde fått anden over seg, forsette på vandringa si i den nære fjellheimen, anten på eiga hand, eller saman med Stord-Fitjar Turlag, som etla seg på ein tur til Beinatjønnvarden.

 

Gudstenesta var eit samarbeid med Stord-Fitjar Turlag. 

 

Erik og Svea Andersen kunne nyta kvar sin Kvikk Lunsj som kyrkjekaffi, etter gudstenesta. Foto: Arne Vestbøstad