Den musikalske ordføraren vår, Harald Rydland, fortel om ei mektig oppleving i Berlin i førre veke.

Han var med reisefølgjet frå Rimbareid skule på veg heim frå Polen, då han oppdaga at noko spesielt var i gjære med mykje politi i gatene og trafikkavsperringar i den tyske hovudstaden. Interessa blei ikkje mindre då det gjekk opp for Harald at det var ei stor messe med pave Benedikt XVI i emning. Her var gode råd dyre, i jakta på ei oppleving for livet!

Utan billett til messa, men med ønskje om å få med seg noko spesielt, kasta Harald seg på undergrunnen til olympiastadion frå 1936. Her fekk han kontakt med ein politimann som vakta ei inngangssluse. Tilfeldigvis hadde han ein plassreservasjon på lur, tilfeldigvis levert inn av ei dame som ikkje hadde bruk for den. 

Dermed kunne musikkglade Harald Rydland snart benka seg inne på tribunen, saman med 60 – 70 000 andre. Han kom inn i god tid til messa, midt i oppvarminga. Den var det eit poporkester som stod for, med svingande rytmar frå slagverk og andre nymotens instrument. Då paven kom inn på stadion i bilen sin, steig jubelen til høgder som på ein storkamp i fotball.

Sjølve messa var om lag som det Harald er van med heimanfrå. Men det meste gjekk naturleg nok for seg på tysk. Songane var for ein stor del dei same som heime, og Harald fortel at han song med som best han kunne, sjølv om tekstane var noko ukjende. Han seier han det var ei mektig oppleving å høyra på det store koret på 6-800 medlemmer. Og ikkje minst å høyra heile møtelyden på 60-70 000 menneske stemma i kjente og kjære salmar!