I Fitjar har me opplevd det flottaste haustvêret i manns minne, og ei av dei som har fått mest ut av helga, er harehunden Toya.

Om ho ikkje er den einaste harehunden i bygda, er dunkeren Toya sikkert den mest aktive. Denne helga har ho vore med matfar Håvard Helland på jakt i Melen, saman med kompisane hans. Base for jakta var hytta til Knut Berge Aarbø oppe i lia, like ovanfor Breiavad. Her har dei lett tilgang til det finaste jaktterrenget under og over tregrensa i Melen. Og ei særs vakker utsikt ut over Melsmyrane, Sæterbø og havet i vest.

Medan hjortebukkane brøla ute i natta, kosa denne blide gjengen seg med reinsdyrsteik og haregryte om kveldane. I tillegg til den ivrige harehunden Toya og matfar Håvard, møtte me Jarle Bukkøy, Jacob Vik, Kjell Magne Røed, Terje Andreassen, Arne Mork Tislavoll. Og sist, men ikkje minst, Rune Aarbø; han disponerte hytta som onkel Knut Berge har overteke.

Det blei ei særs vellykka helg både for Toya og dei unge mennene. Tre harar måtte bøta med livet, og i tillegg hadde Toya los på to harar som klarte å lura seg unna. Jakt har me lite greie på, men at desse karane veit å laga god mat, kan me stadfesta. Me takkar for maten, og for at dei ville dela både naturoppleving og matglede med oss.