I rundt 70-80 minutt fenga Oddgeir Bruaset publikum med forteljingar om folk som lever på plassar der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Foto: Håkon C. Hartvedt

Den første plassen han tok oss med til var Kjeåsen ovanfor Eidfjord. Her fekk me møte Bjørg Wiik som sa opp ein god jobb i Oslo og reiste til Kjeåsen for at tanta, Margrete Aasen, skulle kunne bli buande på plassen der ho aller helst ønskte å bu. Inspirert av Bjørg, gjorde søstera Guri det same. Så dreiv desse to garden samstundes som dei stelte for tanta som dei siste fire åra vart sengjeliggande. Og dei fortsette òg etter at ho var død. 

Så døde Guri,  og Bjørg var att åleine på garden. Då kunne ho reise tilbake til barndomsheimen i Oslo. Men ho valde å bli verande til ho var rundt 80. Men då var ho så dårleg i knea at ho drog tilbake til Oslo. Der treivst ho ikkje. Ho lengta tilbake, og for å gjere historia kort dreg ho no til Kjeåsen kvar vår – og ho aktar å bli der så lenge ho kan. -Eit menneske som på mange måtar «ofra livet» for å gjere livet godt for tanta si, sa Bruaset.

Kjeåsen. Foto: Tor Sivertstøl

 

Det er bratt opp stien til Kjeåsen. Foto: Tor Sivertstøl

 

 

«Arbeids-Bente»
Mellomtittelen syner til Bente Getz som etter eit svært omflakkande liv som haikar i Europa, gateseljar i lag med indianarar, kibbutz i Israel og sjukepleiarutdanning heime i Norge, endte opp på garden Tveit i Samnanger. Her kjøpte ho, og mannen hennar Avner, eit gardsbruk som hadde lege brakk i 50 – år. Eit gardsbruk Bente Getz på utroleg kreativt vis bygde opp til ein blomstrande gardsindustri med million-omsetnad.

Bente GetzFoto: Tor Sivertstøl

Jon Skaar
Frå Samnager gjekk ferda til garden Skaaro og Jon Skaar. 

Garden Skaaro ligg høgt oppe i lia, 330 m over havet, og her budde denne mannen åleine, og var nesten aldri heimanfrå. Det lengste han hadde vore i heile sitt liv, var til Bergen. Han følte det som si plikt å ta vare på garden og gjorde det. Men det kunne gå opp til fire månader mellom kvar gong han såg eit menneske. Hans store daglege augneblink var når han mata to mårar med peanøtter og havregryn. Ein godsleg og jovial kar med ein patriarkalsk utsjånad som me fekk høyre mykje om.

Jon Skaar. Foto: Tor Sivertstøl

Irene Hesling
Historia til Irene er annleis. Ho er framleis ung. Har dreiv som fallskjermhoppar før ho fann roen i Nyksund i Vesterålen. Ein dame full av energi som møtte tøffe utfordringar, og som til slutt vart sitert på denne utsegna:

«I stedet for å bli bitter for det jeg har mistet, vil jeg være takknemlig for det jeg har fått».

Alt i alt ein svært triveleg kveld, ikkje minst for dei av oss som har levd ei stund.

Irene Hesling. Foto: Tor Sivertstøl