Skjermdump frå ungdataresultata frå Rimbareid ungdomsskule 2019.

Ungdomsrådet minnar om folkemøtet om rus onsdag 4. desember.

Fitjar ungdomsråd skipar i samarbeid med Norsk Narkotikapolitiforening (NNPF) til folkemøte på onsdag. NNPF har hausten 2018 og våren 2019 arrangert ei rekke folkemøter rundt om i heile Noreg.

– Bakgrunnen for at vi gjennomfører disse folkemøta er at vi som jobbar tett på rusproblematikk er generelt uroa for enkelte av ungdomsmiljøa våre og ønskjer å bidra til at unge får ein så god og trygg oppvekst som mogleg, fortel NNPF.

Målet med møta er å gje vaksne/foreldre kunnskap, og dekkja informasjonsbehovet om illegale rusmiddel.

Til møtet i Fitjar kjem ekteparet Mona og Arne Bratland. Dei fortel den sterke historia om sonen deira, som døde av ein overdose MDMA.

Les ogso: Ungdomsrådet håpar møtet kan verka førebyggjande

NNPF vil fortelja om situasjonen i landet, gå gjennom regelverk og verknadar av illegale stoff, og gje råd til korleis ein kan skapa gode oppvekstvillkår.

– Det vert spreia mykje feilinformasjon om rusmiddel, difor er det viktig for oss at me får dela eit korrekt bilete av situasjonen, seier NNPF.

- Annonse -

På møtet vert det ogso innleiing frå ordførar Harald Rydland og ungdområdkoordinator Bente Bjelland, appell frå ungdomsrådet og informasjon om situasjonen på Fitjar frå lokalt politi/SLT-koordinatoren.

Møtet er i Fitjar kultur- og idrettsbygg, og startar kl.18.00. Møte er ope for alle.