Fitjar Høgre arrangerer folkemøte om eigedomsskatt i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg førstkomande torsdag.

Under samlinga som startar klokka 19.30 vil det bli orientering om rammer og retningsliner for innføring av eigedomsskatten og innlegg frå næringslivet og private utbyggjarar.

Sjølvsagt vil det òg bli høve til innspel og spørsmål – og alle politiske parti, og ordførar, deltek i paneldebatt.