Sjølv om vêret ikkje var heilt på topp, vart det ein strålande Fitjarfestival-fredag i går. Mykje folk, god stemning og flotte kulturelle innslag.

At vêret plutseleg slo om med torebrak og skikkeleg klaskregn klokka 22.00 i går kveld, endrar ikkje noko på dette. Det skjedde så plutseleg at det går ikkje an å lasta arrangørane for det. Regna hadde det gjort periodevis heile kvelden, men når skybrotet slo til som det gjorde i ti-tida, og rundt 700 mennesker plutseleg ville heim på ein gong, må det nødvendigvis bli noko kø og kaos.

For det var verkeleg 700 til stades på Smedholmen i går kveld. I alle fall når me gjorde systematisk, teljande overslag i 21-tida. Folk seig til utover heile kvelden, og stemning auka deretter.

Musikken var for einkvar smak. Nokon var nostalgisk tilbake til Simon og Garfunkel si glanstid når dei lytta til Kings of Convenience si glitrande framføring, andre likte best The New Wine som var meir rocka og stemninga var topp då Kakkmaddafakka entra scena med friske rytmar og artig, mannleg dansegruppe.

Arrangørane fekk ros både av politiet for godt vakthald og likeeins frå «Røde Kors» sine folk. Maten var god, og det visuelle opplegget rundt det heile spennande. Her må me elles retta opp ein feil me skreiv sist. Den flotte videoinstallasjonen var laga av Silje Linge Haaland, ikkje av Kirsti Willemse, som tidlegare sagt.

Tidlegare på dagen hadde det vore opning ved ordførar Harald Rydland, godmat ved grillkongen Craig og show med Oskar-en og Johan Øyestad (kjend frå Norske talentar på TV) . Oskar-en var i same storform som på vise- og lyrikk-kvelden torsdag, og Øyestad stadfesta endå ein gong at han er ein glimrande imitator. Godt med folk var det alle plassar.