Brannsjef Tore Nesbø er godt nøgd etter Jonsokfeiringa i går. Alt gjekk vel. -Folk har brukt godt skjøn og vore flinke, seier han med omsyn til bålbrenninga. Biletet er frå bålet på Nesbø i går kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt
På førehand hadde brannsjefen registrert 24 søknader om bålbrenning, og alle fekk løyve, men melding om å bruke skjøn på grunn av vinden.
Det gjorde dei òg.
Nokre valde å ikkje tenne på. Andre tende på, men hadde sikra seg med slangar som låg klar til bruk – og andre var så langt nede med sjø eller vatn at det ikkje var naudsynt.
Då Fitjarposten hadde ein runde rundt Storavatnet rundt kl 20.00 i går kveld, såg me fleire bål.
Men sjølv i varmen frå båla, vert det meldt om ei noko hutrande oppleving i den kalde vinden.
I Synningo kompenserte nokon dette ved å setje seg oppi ein varm badestamp.