Rebekka Polden Hellesund og Marte Søreide Nordvang er snart klare for draumeturen sin til Namibia, Cape Town og Zimbabwe.

Marte er fødd og oppvaksen på Fitjar, medan Rebekka voks opp på Sotra, og kom til Fitjar for eit par år sidan. Dei to har ikkje kjent kvarandre så lenge, men reknar med å bli betre kjende etter kvart. Begge er ferdige på Stord vidaregåande skule i år, Rebekka på samfunnsfagleg studiespesialisering og Marte på realfag.

No reiser dei i lag på ein draumetur til det sørlege Afrika for å gjera frivillig arbeid gjennom organisasjonen GoXplore. At det blei Afrika og dette opplegget, er mest tilfeldig, fortel dei to jentene. Ingen av dei har vore i Afrika før, og det kunne like gjerne ha blitt t.d. Sør-Amerika. Men så hamna dei på ei førelesing i Bergen med GoXplore, og dei blei overtydde om at det var trygt og godt å reisa på denne måten.

Og det bør gjerne vera litt tryggleik i botnen, for det er ei spenstig utflukt jentene legg ut på. Den 18. september tar dei fly til Namibia via London og Johannesburg, Sør-Afrika. Her skal dei delta i programmet Noah’s Ark, eit prosjekt som går ut på å hjelpa forlatne og heimlause dyr.

Etter tre veker på denne garden for problemdyr går ferda vidare til Cape Town, der dei skal vera med på eit seks dagars opplegg organisert av KILROY Travels. Dei skal òg få med seg ein tur i The Cable Car, og ein båttur i Duiker Island, for blant anna å sjå på selar og pingvinar. Vinsmaking, dykking og shopping vil det og bli høve til.

Dei to siste prosjekta finn stad i Zimbabwe. Først er det Kids & Lions frå 21. oktober til 11. november. Her skal dei blant anna undervisa på ein skule og ta seg av dyra på garden dei bur på. Dei vil få høve til å ri på elefantar og hestar, og å gå tur med løver. Det siste bli sikkert meir enn spanande nok, skulle ein tru.  Etter tre veker på dette prosjektet byrjar Lion Breeding, på same plassen som Kids & Lions. Formålet med dette prosjektet er halda oppe løvebestanden i Afrika. Oppgåvene deira her blir å sosialisera løvene, gå turar med dei, stella og mata dei. Her blir det og høve til å vera med på å trena elefantar.

Rebekka seier at ho har lyst til å studera politikk, internasjonale relasjonar og menneskerettar, og reknar med at ein slik tur vil gi ein henne ein lite smakebit. For Marte sin del er det meir tilfeldig; ho har berre lyst til å bryta opp og gjera noko heilt anna medan ho tenkjer på kva ho skal gjera i framtida.

Dei siste 30 åra har det blitt meir og meir vanleg at vaksen ungdom reiser langt av stad for å få luft under vengene. Men at Fitjar-ungdom skal til Afrika for å lufta løver, verkar framleis litt eksotisk. Jentene satsar på at dei ikkje skal enda som løvemat. Begge vedgår at det er ikkje foreldra som har foreslått Afrika. – Men no støttar dei oss, seier dei.

Det er ikkje akkurat ein billig «ferie» dei to jentene legg ut på. Dei må betala det meste sjølve, fleire titals tusen; det er ikkje lån og stipend å få til dette opplegget. No jobbar jentene alt dei kan for å få inn så mykje pengar som mogleg, Marte på Rema, og Rebekka i billettluka i Sandvikvåg.

Og om knappe tre veker ber det Afrika. Dei har allereie begynt å skriva om draumeturen sin på denne bloggen, og reknar med å oppdatera den etter kvart, sjølv om internett er av varierande kvalitet i dei områda dei skal opphalda seg. Me får følgja med så godt me kan, og ser fram til at dei kjem heim igjen, i byrjinga av desember.