Jentene klare for sin første kamp i Norway cup, mot Bagn. Foto: Privat.

Fitjar Idrettslag er representert med tre lag i årets Norway Cup, og i ettermiddag blir kampen til jentene i 15-16-årsklassen sendt direkte på TV.

I helga reiste tre lag frå Fitjar til Oslo for å vera med på årets Norway Cup. Dei reiste med tog «over fjellet», og laurdag kveld tok dei inn på Hallagerbakken skole, der dei skal bu.

Alle dei tre laga skal spela sjuarfotball, i klassane J15/16, G13/14 og G15/16. Kampane deira begynte allereie søndag, og det blir rapportert om god innsats i sommarvarmen.

Jenter 15/16 sin kamp mot Skeid blir vist direkte på www.direktesport.no kl.15.15 tysdag. Føre dagens kamp står jentene våre med to sigrar, etter 3-2 over Bagn på søndag og 5-1 over Larsnes i går.

Oversikt over alle kampane finn du via denne linken på nettsida til Norway Cup.