Professor Ingvard Wilhelmsen kjem til Fitjar for å snakke om utdanning, arbeid og psykisk helse. Det skjer i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg 4. oktober.

Wilhelmsen er nok mest kjent som leiar av Hypokonderklinikken i Bergen, men han er òg spesialist i indremedisin, fordøyingssjukdommar  og psykiatri. Han er i tillegg ein glimrande foredragshaldar og har delteke i fleire fjernsynsprogram.

Han kjem ti Fitjar i samband med Verdsdagen for psykisk helse 2011. Verdsdagen har i år valt unge på veg til utdanning og arbeid som tema. Målet er å bidra til auka kunnskap om førebyggjande arbeid og helsefremjande tiltak. Noko som igjen kan føre til at fleire unge fullfører skule og utdanning – eller kjem seg inn på arbeidsmarknaden.