Kjøpmann Odd Sverre Larsen er ivrig etter å kunna selja lokalprodusert Fitjar-mat på Spar-butikken sin.

Han seier til Fitjarposten at lokalmat skaper identitet i Fitjar, noko han meir enn gjerne vil bidra til. Med utgangspunkt i den lokale butikken sin ønskjer han nær kontakt med dei som produserer mat i Fitjar.

– Produkta finst der, seier Odd Sverre, det gjeld å skapa ei merkevare.

Han vil gjerne vera med og hjelpa til at varene blir kjende att av kundane og identifiserte på ein positiv måte. Såleis får vareutvalet i butiken hans eit særpreg.

– Det er kjekt å tilby produkt som ikkje andre har, produkt som har blitt produserte og foredla i Fitjar, seier Odd Sverre.

I Spar-butikken på Fitjar finn me laks frå Engesund, Hogste egg, bringebær frå Prestbø, lokale poteter og enkelte mindre nisjeprodukt.

For å kunna selja produktet i butikken må det vera kvalitetskontrollert og merkt og pakka inn på forskriftsmessig måte. Då kan  produktet seljast som ei kvar anna vare i butikken. Odd Sverre seier han er oppteken av at det må koma produsentane til gode. Skal produsenten få avsetnad i ein skala som monar, er dei avhengige av hjelp med distribusjonen. Dette inneber både den reint fysiske frakta, og tilgang til marknad. Til dette trengst ressursar.

Odd Sverre fortel at dei har hatt eit god samarbeid med Engesund Fiskeoppdrett om utvikling av eit produkt som er lett å omsetja. I Engsund har dei lyst til at folk i Fitjar skal kjenna produktet deira. Etter eit par forsøk er Odd Sverre no sikker på at dei har funne produkt som slår an. Han nemner spesielt ein pakka frosen laks på fire stykke à ein middagsporsjon. Dette er resultat av utvikling i samarbeid med lakseslakteriet Sekkingstad AS på Sotra, Engesund Fiskeoppdrett og Odd Larsen AS.

Han skulle òg gjerne ha fått til noko med det spesielt gode anguskjøtet som blir produsert i Fitjar. Odd Sverre meiner at det rolege og gode livet desse dyra lever i Fodno og andre stader gir seg utslag i stressfritt kjøt. Men diverre er det ein komplisert prosess å få dette fram til kjøttdisken som ei merkevare. Slakting, pakking og merking må gjerast på forskriftsmessig måte, før det kan omsetjast i butikk.

– Anguskjøtet hadde fortent ein betre skjebne, seier Odd Sverre, som vonar at ein på sikt kan få til ei betre omsetjing av det gode kjøtet.

Han rosar elles eggprodusent Håkon Hovstad, som har skapt si eiga merkevare med Hogste egg. Trass i at han må stå for mykje av distribusjonen sjølv, har Håkon klart seg godt.

Odd Sverre meiner det tener alle at lokalprodusert mat er tilgjengeleg i butikken, både produsentane og kundane.
 

Ingressbilete: Kjøpmann Odd Sverre Larsen med eit utval lokalproduserte matvarer, Hogste egg, bringebær frå Prestbø, poteter frå Fitjargarden og laks frå Engesund.

steroidi anabolizzanti online