Det er sjeldan at Fitjar Indremisjon inviterer til seminar om dåpen. Me veit mest ikkje om dei har gjort det før. Førstkomande fredag kveld skjer det likevel.

I invitasjonen til seminaret heiter det: «Knapt noko læremessig tema skaper meir strid og ueinigheit enn læra om den kristne dåpen. Ofte høyrer me at «me er enige om det meste, det er berre dåpssynet som skil oss». For nokon er dette eit stort skilje. For andre er det meir som ein bagatell å rekna.

I vår evangelisk-lutherske vekkelsestradisjon er det ikkje så ofte at det vert gjeve undervisning/rettleiing om dåpen. På bakgrunn av dette arrangerer Fitjar Indremisjon «fredagsseminar med fokus på dåpen» fredag den 28. oktober kl 1800. Det vert innleiing ved sokneprest Olav Oma om «Kva betyr dåpen i vår samanheng» og ved generalsekretær Erik Furnes om «Dåpssyn og dåpspraksis i den lågkyrkjelege lekmannsrørsla».

I invitasjonen frå Fitjar Indremisjonen ved Trygve Eiken kan me vidare lese at det vert høve til å stille spørsmål, og at det vert ein pause med forfriskingar og høve til samtale.

 

 

 

 

Trygve Eiken