Utsikten frå varden på Fodno var upåklageleg både mot det nære øyriket, Selbjørnsfjorden og Fitjar sentrum. Og beitande Angusfe og villsau gjer at bakkane ikkje gror att av tre.

Det vart ein fin tur, denne ettermiddagsturen opp på Ramnaberget på Fodno. Bård Inge Sørfonn og Robert Sørfonn var med og fortalte og viste rundt på øya. Begge to er ivrige talsmenn for å halda landskapet i orden slik at det ikkje gror for mykje til. Robert har ca. 80 Angusfe som beiter på øya og Bård Inge har villsau. Robert har gjort eit kolossalt arbeid med å rydde brake og skog slik at dyra kan halde tilveksten i sjakk. Dette gjer at det no er lett å gå i terrenget opp til varden på 145 moh.
Det er absolutt verd å sjå den flotte utsikten frå varden,  dei gamle steinmurane som er laga for lang tid tilbake og kulturlandskapet i det heile.