Torsdag kveld arrangerte Kulturskulen foajekonsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Det var ein fin og intim konsert der foreldre og andre frammøtte fekk høyra litt av det som rører seg i kulturskulen i haust. Konserten gav og elevane god trening i å opptre. 

Kulturskulen har mange elevar på  mange ulike instrument, og nokre av desse deltok på konserten i kveld.

Pianolærar dette året er Orlaug Evensen, og av  hennar elevar var det Vilde R. Kjelling, Adrian Mehammer, Marte Rimmereid, Guro Rimmereid, Marie M. Oma og Ingvild M. Oma som viste kva dei kunne med å spela flotte pianostykkjer.

Mange kjenner til at Audun Artur Mehammer har ei fin songstemma, og no han har og teke til med songundervisning hos Kjell Saue, og framførde glimrande When you say nothing og Yesterday.

Konserten vart avslutta med ei flott gutegruppe som og får undervisning av Kjell Saue. Det var Jon-Even S-Berger, Tommy R. Johnsen og Mathias Toskedal  som på gitar framførde både filmmusikk og blues.

Etter endt konsert og velfortent applaus fekk alle som opptredde kvar sin sjokolade av kulturskulerektor Anne Lene Østvold Jordåen, som takk for innsatsen. Sjokoladen var dei vel verd, for det ligg nok mykje øving bak desse framføringane.