Kulturskulen hadde ein flott foajekonsert torsdag ettermiddag.

20 elevar hadde førebudd seg til konsert. Mange gledde seg til å spela for foreldre, besteforeldre og venner, andre kvidde seg mest… Foajen vart fylt opp, og førsteårselev June Rimmereid fekk æra av å starta konserten med å spela Olsens bondegård i samspel med pianolærar Orlaug Evensen. Kristina Kobberstad og Invild Prestbø var og nye pianoelvar i år, men det var heilt tydeleg å høyra at dei har spelt piano tidlegare, sjølv om dei ikkje har vore elevar i kulturskulen før. Guro Rimmereid spelte 4-hendig saman med pianolæraren sin Orlaug, og framførde flott ein voggesong for hestar: Hush a-bye. Adrian Mehammer spelte The entertainer så flott at det var rett før me såg Charlie Chaplin koma inn, og Arne Tobias Ødegård briljerte med eit Bach-stykke, spelt utan notar. Andre elevar som deltok med flott pianospel var Marte Rimmereid, Marita E. Nilsen, Jacob Mehammer, Åse M. Underhaug og Vilde R. Kjelling. Alle flinke og drevne konsertpianistar, trass ung alder.

Nytt av året er undervising i fløyte, og av den grunn var det særskild kjekt høyra dei, både John Kevin og Inger Louise Sandvik og Judit Hageberg. Dei har lærd mykje i løpet av 1 1/2 månad, og det vert spennande å følgja dei framover.

Gitarspeling er mest populært blandt gutane, og var denne kvelden representert med 2 stykker. Jedrek Rutkowski briljerte med flott fingerspel, og det var heilt knyst i salen då han spelte Knocing on heavens door og Air. Sjølv om Tommy R. Johnsen aldri trudde det skulle bli hans tur, slapp han til etterkvart, og spelte flott fingerspel akkompangert av gitarlærar Kjell Saue på basstemma.

Songaren Johanne F. Brekke er rutinert og har kome langt. Ho leverte som vanleg stødige og flotte framføringar. Martine Hareide, som opptrådde for første gong med song, framførde ein nydeleg versjon av ein Maria Aredondo-låt. Nydeleg. Det tar på å opptre for første gong, og etter ein song måtte ho berre skynda seg å setja seg. Men me gler oss til ho reiser seg og syng for oss igjen, og då kan ho gjerne synga to songar med stort frimod.

Konserten vart avslutta med to songar av «veteranen» Audun A. Mehammer. Spesielt på dei sterke partia på Wild at Heart av E. Lind kom stemmeprakta hans verkeleg til sin rett.

Etter endt konsert fekk alle elevane som deltok ein sjokolade kvar av kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen.

Neste veke er det haustferie i kulturskulen, men veka etter går undervisinga som vanleg. Neste konsert vert i november.